Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skyrace 2024 – nr 6 i rekkja

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. august 2024

Nok ein gong er alle gode krefter mobilisert for å arrangere Kårvatn Skyrace – årets arrangement er nummer 6 i rekkja, og i skrivande stund tysdag føremiddag er det alt over  60 påmeldte.  I fjor var det godt over hundre deltakarar, og det blir nok eit rush med påmelding fram til påmeldingsfristen går ut torsdag kl 23.59. Barneløpet 2,5 km har påmelding ved oppmøte.

Siste nytt er ein ny klasse på 2,5 km som er retta mot born og familiar – rett og slett ein rundtur frå tunet ved butikken og etter turistlina innover til Nauståfossen og gjennom hyttefeltet på turen tilbake til låven på Kårvatn.  Det er ein kjempefin tur som alle kan gjennomføre og så kan du bruke den tida du treng.  

Start og målgang vil forega i tunet ved butikken til Kårvatn fjellutstyr. Foto Jon Olav Ørsal

Elles er det 4 andre klassar du kan delta i – ein på 4 km som går opp til Naustådalssetra etter turistlina og same ruta på returen.  Vidare er det 10 både aktiv og trim, samt 15 km aktiv og trim, og sjølvsagt 29 km for dei aller sprekaste. Påmelding og meir info finn du på denne linken.
Gudmund Kårvatn gler seg til årets arrangement.  Det er altså 6. gongen at det arrangerast Skyrace på Kårvatn. I starten gjekk traseen opp til Storfjellet og innover til Tovatna og til Tohatten og Kvannjolfjellet og til Kårvatn – ein rundtur på 43 km. 

I starten var det vi på butikken som var arrangørar, minnes Gudmund. No er det Trollheimen fjellsportklubb som har arrangørrolla, og vi er berre med. Foto Jon Olav Ørsal

Dei siste åra er løypa lagt til nordsida av Kårvatn.  Dette er ein spektakulær tur som følgjer DNT-merka rute innover Naustådalen og innover forbi naudbua. Der svingar løypa opp mellom Salen og Strankåbotnfjellet, før den går vidare over Strankåbotnfjellet, Tverråbotnfjellet, Hattfjellet og Tydalsnebba, og vidare forbi Kvennåbotnvatna og videre ned lia til mål på Kårvatn.
Gudmund fortel vidare at traseen vart flytta for å få ein finare og meir springbart terreng – kanskje det mest spektakulære Skyrace-løpet i verda, skryter han. 

Kom og bli med oppfordrar arrangøren, som er spesielt stolte av den nye barne- og familieløypa og håper den faller i smak for både store og små deltakarar – ein tur som du rekker godt mellom start og målgang på dei andre løypene.  Elles byr arrangøren på forfriskningar i kiosken og sjølsagt graut og bakels til kaffen.  

Traseen går etter turistlina innover til Nauståfossen og så tilbake gjennom hyttefeltet til målgang ved butikken. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. august 2024, 12:14