Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skyrace 2024 med rekorddeltaking

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. august 2024

Laurdag arrangerte Trollheimen Fjellsportklubb Kårvatn Skyrace 2024 med rekorddeltaking – heile 145 deltakarar stilte på startstreken i tunet på kårvatn. Det var 6. gong at Kårvatn Skyrace vart arrangert, og det var knytt stor spenning både til 15 km-løypa og langløypa på 29 km.  Løypene var lagt til fjellheimen ved Kårvatn, med start og målgang rett utafor låvetrappa på Kårvatn Fjellutstyr. 

Start på 29 km-løpa – her var det 45 deltakarar som stilte til start – fleire enn nokon gong. Foto Jon Olav Ørsal

Vêrgudane stillte med prima løpevêr, og det var kjempefine tilhøve for løping i fjellheimen. Til saman var det lagt opp til 5 forskjellige løypeval – frå 2,5 kilometers løype for barn- og familiar til 15 og 29 -kilometers løype for konkurranseløparane.  Og sjølvsagt var det løypealternativ for trimklassane, både 4-, 10- og 15-km.  Nytt av årets er barneløypa som går frå Kårvatn og etter turistlina innover til Nauståfossen og rundtur vidare til målgang påKårvatn- denne løypa er på 2,5 km, og samla i dag 22 deltakarar. 

her er det den yngre garde som legg i veg – dei siktar seg inn på Nauståfossen, ei løype på 2,5 km. Her var det 22 som deltok. Foto Jon Olav Ørsal

På 15 km var det nok Aron, Isak og Erik – arrangørklubbens eigne kandiatar som var favorittar.  Her var det Aron Rodal Haugen frå start til mål.  Med bestetid på 1:34:55 var han 2:09 framfor Isak Drøpping på andreplass og 4:54 framfor Bjørnar Skjeflo Unhjem på tredjeplass.  Erik Kårvatn hadde ikkje heilt dagen i dag, og kom i mål på 1:48:42.   I dameklassen var det Elise Hjelset Andersen som hadde beste til på 2:08:24.  Her hadde Anna Bruseth frå Romsdal RK nest beste tid på 2:11:20 og Ingrid Klokset på tredjeplass på 2:11:47.

Lokale heltar som gjorde ein stor innsats i løypa. Aron vann, med Isak på 2.plass. Erik fikk 5.-plass på distansen, men vann klassen sin på 15 km-løypa. Foto Jon Olav Ørsal

Mette Sæter Ormset som er leiar i Trollheimen Fjellsportklubb er godt nøgd både med deltaking og gjennomføring av arrangementet – ho beklagar litt løypekluss med barne og familieløypene, men det fikk heldigvis ingen konsekvensar med tanke på resultat, seier ho.  Ho rosar arrangørstaben med frivillige som har lagt ned ein stor innsats for eit vellukka arrangement.  – kan vi berre gle oss til vinters og Kårvatn Skimo  2025 når der lir utpå nyåret, seier ho til slutt. 

Ingeborg Treu Røe vann dameklassen på 29 km-løypa. Ho kom i mål på tida 4:02:28. Foto jon Olav Ørsal

Nedafor har vi lagt ut ei komplett offisiell resultatliste frå Kårvatn Skyrace 2024. 

Mette Sæter Ormset er leiar i Trollheimen fjellsportklubb – ho er imponert over innsatsen og aktiviteten i klubben. Ho er godt nøgd med dagens arrangement. Foto Jon Olav Ørsal

Bildegalleri  – litt rundt omkring i samband med Kårvatn Skyrace 2024 som vart arrangert i dag   – sjå om du treffer kjentfolk? 
Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. august 2024, 17:44