Med rundt hundre påmeldte ser det ut til å bli rekordarta deltaking i Kårvatn Skyrace som går av stabelen komande laurdag. I skrivende stund er det 97 som er påmeldt, og det er skikkeleg rekord seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Vêrgudane er så absolutt samarbeidsvillige, og med eit par dagers sol og tørke no så blir det prima forhold i fjellet. Det skal konkurrerast i 6 forskjellige klassar med konkurranse og trim, og hovedløpet som går over 29 km har fått over 40 deltakarar i år. Dermed er det duka til kamp om medaljene på Kårvatn.
Påmeldingsfristen for online påmelding går ut ved midnatt, men det er ikkje heilt håplaust å få delta dersom du møter opp i god tid på laurdagsmorgonen seier Emil Haugen Ansnes som er leiar i arrangementsklubben som er Trollheimen Fjellsportklubb. Arrangementsklubben stiller med 9 deltakar i sitt eige arrangement. Ansnes oppfordrar til publikum om å delta i familieløypa på 4 km, og håpar at mange tek med bjeller og flagg, slik at vi får skikkeleg stemning langs løypa.
Arrangøren anbefaler også de to trimløypene for den som vil være med til topps – her har du ein unik sjanse til å ta toppane i nærare øyesyn, samtidig som du kan gå etter merka løype utover fjellheimen. Ta med deg mat og klar og skikkeleg med drikke, så blir denne turen ei fin oppleving. Hovedfeltet – 29 km løypa starter kl 10:00.
Vil du melde deg på i siste linten så kan du bruke direktelinken som vi har lagt ut her!