Så gikk startskotet for Kårvatn Sky Run – dermed er dei 41 løparane på veg frå Kårvatn og opp den bratte lia til Storfjellet. Deltakarane starta friskt ut for å posisjonere seg på den første biten av traseen går etter vegen.
Håvard Gjeldnes bruka i overkant av 33 minutt opp til Storfjellet, men vi må vel rekne med at deltakarane på Kårvatn Sky Run vil posjonere ut kreftene litt meir forsiktig – men fort går det nok lell.
Arrangøren reknar med at det går +/- 4 timar på turen via Grinaren, Slanglifjellet og til Tovatna og gjennom Gammelseterdalen til målgang på Kårvatn. Men vi vil nok få mellomtider etter kvart og det blir nok litt spennande.
Passering på Storfjellet
Beste passering på Storfjellet hadde Robert Sørlie på 38,13 – med Hans Inge Klette hakk i hel på 38,15. Elles kan vi nemne at lokale kjendisar som Erik Kårvatn på 41,41, Kristoffer Nordvik på 44,35, Halvor Drøpping på 45,37. Beste tid for kvinner er registrert på Johanne De Presno på 49,35.
Passering av Grinaren
De fire første har passert posten på Grinaren
De fire første har passert Grinaren i rekkefølge Hans Inge klette, Robert Sørlie, Jørgen Kvalsvik og Morten Eilifsen. Her finn du komplett oversikt over passeringstider på toppen av Grinaren