Det er faktisk inga overdriving – den nye trasen for Kårvatn Sky Race er rett og slett ein fin tur, og samanlikna med den gamle trasen så er det meir sti og mindre urlendt terreng. Farten bestemmer du sjølv, men er du ute etter ein fin trimtur så er 15 km-trasen ein ypparleg sjanse til å bli kjent i dei flotte fjellområda ved Kårvatn.
Det er 4. gongen at Kårvatn Sky Run blir arrangert i år. Det har vore bruka same trase dei tre første åra, men no er altså trasen heilt ny. Endringa kjem som ei tilpassing til regelverket i Norwegian Skyrunning Series som sett kriteria for senior og junior-trase. Dei aktive kan velje mellom 15 km og 27 km løype – i tillegg kan du altså melde deg på 15-km trasen i mosjonsklassen. 2 km trasen er ein fin familietur opp til brona.
Fristen for påmelding går ut torsdag 18. august kl. 23.59, så du rekk å melde deg på enno. Påmelding skjer via nettet, og linken til påmelding finn du på linken her. I skrivande stund er det påmeldt rundt 40 deltakarar, men Gudmund Kårvatn som er primus motor for arrangementet fortel at Trollheimen Fjellsportklubb som er arrangør, reknar med mange fleire før fristen går ut.
Gudmund er litt spent på vêret, men sjølv om det har vore meldt regnbyger, så er det teikn til betring i vêrutsiktene fram til laudag. Meir informasjon om Kårvatn Sky Race finn du på FB-sida til Kårvatn Sky Race og på nettsida for info.