Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo: – Tidenes startfelt på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 3. februar 2023

Da påmeldingsfristen gikk ut var det rundt 60 påmeldte, og det ligg an til å bli det sterkaste startfeltet som nokon gong har vore på norsk jord, seier Gudmund Kårvatn. Han er ein av randonee-gründerane og  har stått bak konkurransane i Dalalia på 11. året. Han fortel at det er deltakarar frå Tromsø i nord, til Italia i sør – tilsaman er det 8 nasjonalitetar som stiller på startstreken laurdag – av dei sterkaste korta er nok spanjolen Kilian Jornet Burgada og kona Emilie Forsberg som stiller til start. 

Mellom anna kjem det ei stor tropp frå Romsdal, og vi skal heller ikkje gløyme lokale heltar som Erik Kårvatn, Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping som bokstaveleg talt stiller på heimebane.  Elles er det mange kjente navn på startlista, og den som har som mål å kome øverst på seierspallen må nok rekne med å kjempe for sigeren på laurdag.  

Her kan du sjå oversikt over påmeldte deltakarar fordelt på klasse  – klikk på linken her

Det er no kjempefine forhold i Dalalia, og det blir nok litt av ei oppleving både å være deltakar og publikum på laurdag.  Gudmund håper at publikum kjenner si besøkelsestid og blir med og heiar fram løparane ved løypene, og ved start- og målgaang i gardstunet ved butikken til Kårvatn Fjellutstyr.  – Det er både godt føre og arrangøren Trollheimen Fjellsportklubb lover bra vêr under laurdagens konkurranse. I gardstunet blir det også kiosk med sal av kaffe, bakels og andre forfriskningar.  

Dalalia – her er sola på veg nedøver lia. Laurdag er det duka for ein kjempefin dag i Dalalia. Ta med deg ski og godt med klær så får du oppleve Kårvatn Skimo på nært hald. Foto Gudmund K.

 

 

Publisert: 3. februar 2023, 13:55