Vi kan trygt seie oss enige med Gudmnd Kårvatn når han karakteriserer denne helga med Kårvatn Skimo og NM i randonee som ei kjempehelg. To vellukka renn er vel i hamn, og er gjemmomført til punkt og prikke. Lokale heltar har fått vist kva dei står for og Erik Kårvatn kan skilte med to NM-titlar på heimebane – rett nok har han vore åleine i klassen sin – Menn U-20, men han hadde i dag beste tid på vertikalen, og var i mål på 25:07.5. Vi lar oss imponere av det.
Det var 47 deltakarar på startlista for dagens vertikal, der løypa var korta ned eit par hundre høgdemeter på grunn av vêret i morgontimane. Etter forholda var det bra føre, og det vart ein knallhard konkurranse om å kome først i mål. I herreklassen var det Trym Lødøen som sikra seg NM-tittelen, medan Jonathan Albon og Morten Antonsen kom på dei neste plassane – beste tid hadde imidlertid svensken Jonas Petter Engdahl med 22:44.2. som var 38 ssekund føre Lødøen.
I klassen kvinner senior gikk NM-medalja til Hildegunn Hovdenak, med Ingeborg Treu Røe og Molly Bazilchuk på dei neste plassaane – beste tid i kvinneklassen fikk imidlertid svenske Johanna Åström på 29:13 som var 1:28 føre Hovdenak. Elles kan vi nevne sterk innsats i klassen U16, der Aron Rodal Haugen toppa lista, med Iver Holen og Isak Drøpping kom på dei neste plassane. Elles henviser vi til resultatlista frå dagens arrangement i randonee vertikal.
Nedafor har vi lagt ut resultatlista frå dagens vertikal – klar for nedlasting.