Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo – endeleg kan det feirast 10-årsjubileum!

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. februar 2022

Endeleg kan vi feire 10-års jubileet som randoneekonkurranse, etter to års ufrivillig coronaavbrudd. Det betyr at rennet på Kårvatn i Todalen er den eldste randoneekonkurransen i Norge, som er «i drift».  – Takket være ein veldig rutinert og dyktig arrangørstab.  Kårvatn Skimo blir arrangert på Kårvatn i Todalen 26. – 27. februar (laurdag og søndag).

Tydalsnebba har nærast vorte berømt i randoneemiljøet. Her har du faktisk høve til å kalle fram mjølkesyra dersom du vil. Foto GK

Det er veldig fine forhold til fjells, – meir enn nok snø. Dette gjer at vi ønsker å gjennomføre etter den originale 2010 traseen for individuellkonkurransen laurdag. 
Det som har endra seg er at det er vesentleg meir rekruttering no, noko som gjer at vi også må ha tilpassa trasear til dei forskjellige yngre aldersklassar. Som da går kortare enn seniorane. 
På søndag blir det Vertikal, det er ein forholdsvis enkel øvelse, noko som gjer at gjerne mange fleir deltek. Kort og godt går det ut på å ga så snart som mogleg frå start til topps, utan andre krav til utstyr, eller tekniske element. 
 
Rykta seier at vi får veldig spennande deltagelse, med også store internasjonale navn frå andre idrettar, ikkje berre randonee. Det ligg an til at så å sei heile troppa som var i EM i Spania kjem, samt Johanna Åstrøm og Petter Engdahl frå det Svenske landslaget. Jonathan Albon, ein av verdas beste skyrunnere har også blitt hekta på randonee som konkurranseform vinterstid, vil bruke Kårvatn SkiMo som opplading til deltagelse i sjølvaste Pierra Menta seinare i vinter. 

Erik stiller på heimebane. Erik Kårvatn har vært bl.a. på EM i Spania og målt sine krefter – no er turen kome for å delta på heimebane. Foto G.K.

Men viktigast av alt er at vi håpe på god, og brei lokal deltaking. I alle klassar. 
Både laurdagens individuell og søndagens vertikal vil ha trimklassar både med og utan tidtaking. Her vil ein gå etter merka trasee, og få fine turar på kjøpet. 
Så håpar så mange som mogleg møter opp når vi no endeleg kan arrangere randoneekonkonkurranse igjen. 

Meld deg på – klikk deg inn for påmelding her

Publisert: 19. februar 2022, 20:52