I helg går Kårvatn Skimo 2022 av stabelen, og sjølv om vêrgudane lagar utfordingar for arrangøren Trollheimen Fjellsportklobb så går arrangementet nærast som planlagt. Gudmund Kårvatn fortel at løypemannskapet er i fullt arbeid med merking og rydding av løyper og skiftesoner. Vêr og føretilhøva har gjort at ein må legge om løypene og unngå å bruke toppane, men heller bruke Dalalia i større omfang. Med andre ord blir det to turar opp Dalaia i staden for topptur til Tydalsnebba, men det blir slett ikkje mindre krevjande, seier Gudmund.
Gudmund seier at Dalalia er kanskje den einaste plassen ein kan kjøre arrangement uansett vêr, da ein slepp å opp på toppane, der det er mest vind og vêr. Han fortel vidare at det i skrivand3e stund fredag føremiddag er 46 påmeldte til alle arrangementa og trur det blir spennande dager med rekord i talet på nasjonalitetar som deltek. Enno er det ope for påmelding – gå inn på linken til Kårvatn Skimo og meld deg på!
Det har og vore utfordringar med kovid hos mannskapet i sekretariatet, med men vi har full kontroll med reservemannskap bedyrar Gudmund, som administrerer det heile frå stua heime, der han sitt med foten i gips etter ein ankelskade i Spania for eit par veger sia.
Gudmund oppfordrar publikum til å ta med bjeller og bli med som heiagjeng i Dalalia på laurdag og søndag – vêrgudane lover at det kanskje til og med blir ein og anna solgløtten da.