I dag vart det kjent at Kårvatn Handelskompani AS har meldt oppbod, og er komne under konkursbehandling. Det er «butikken på låven» og nettbutikken som er berørt, og som no altså er stengt. Det er trist, men vi såg ingen anna utveg på dette, seier Gudmund.
Butikken på låven har gjort seg bemerka både lokalt og nasjonalt i fjellsportmiljøet. Ein av grunnane til konkursen er at vi har drege med oss store finansielle kostnader, som til slutt tok knekken på oss.
Det er 32 år sia butikken vart etablert, og har på den tida vorte eit kompetansesenter innafor fjellsporten – kva som no skjer vidare er det alt for tidleg å spå, seier Gudmund Kårvatn. – No må vi aller først rydde opp i dette, seier Gudmund til Todalen.no.
Gudmund seier vidare at det har vore tøft for heile bransjen dei siste åra – ikkje berre i Noreg, men faktisk over heile verda er det tilbakegang.