Kårvatn Fjellutstyr AS har nå utvida sitt sortement og selger no syklar og utstyr for topptur og endurokonkurranser, fortel dagens kjøpmann Lars Inge Harang som betjente butikken. Ein endurosykkel kan sammenliknast med eit par randoneeski, du kan ta turane både opp og ned i tøfft terreng. Og som med randonee er det fleire justeringsmuligheiter for opptur og nedtur. Til og med setet kan med ein enkel spak justerast i fart med ein teleskopisk setepinne, som sykkelen av merket DaBomb på bildet har.
Lars Inge Harang er over snittet interessert i fart og spenning, deriblandt på sykkel. Denne interessa er no realisert i ein sykkelkrok på Kårvatn Fjellutstyr AS. Her finn ein det ein treng for ein røff sykkeltur på sti/offpist langt frå asfaltens kvitstripe. Som Lars Inge så enkelt forklarer; -dette er ikkje for dei som driv knallhard trening for å bli best muleg trena, men for dei som vil ha ei utfordring og ha det artig. Her er dei no observante i forhold til kva kundemassen gir av tilbakemeldingar på produkta, og regner med å tilpasse utvalget etter det, for å halde
Etter kvart kjem også eit nytt klesmerke til butikken, som leverer både sykkel- og toppturbekledning; Maloja. Dette klesmerket vil det nyoppretta firmaet Kårvatn Handelskompani AS ha agentur på, og ha lager i 1. etasjen under Kårvatn Fjellutstyr AS etter kvart.