Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kårvatn Fjellutstyr:Endeleg blir det billegsal…

Kårvatn Fjellutstyr:Endeleg blir det billegsal…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2012

Det tradisjonelle sesongsalet for å rydde plass til vår og sommarvarer er endeleg kome i gang hos Kårvatn Fjellutstyr. Det skulle eigentleg skje før påske, men da vegen rasa ut i Falla vart det sett bom stopp for salet så lenge vegen var stengt. Sist fredag opna vegen igjen og dermed kom salet i gang. Todalen.no tok turen oppover til Kårvatn på tampen av laurdagen for «ta pulsen» på salet. Det var fine sommarvegar oppover Dalavegen til Kårvatn, så grusvegen har nok hatt godt av eit par vekers kvile og er no klar til å ta imot stor salstrafikk.

Og butikken var skikkeleg prega av salet, med stort utval i fargerike klede, samt sko, ski og all slags sesongutstyr som skal ut på salet for å gje plass til nyheiter og sommarvarer som er på veg inn. Det er verdt å ta turen til Kårvatn for å gjere ein skikkeleg godhandel i veka som kjem, da dei tilbyr frå 20-90% rabatt på heile vareutvalet. Her kan du sjå salsplakaten. Butikken er open måndag-laurdag 10-16, med langdag på tysdag 10-19.

Publisert: 15. april 2012, 19:28