Dei siste dagane har det vore «mystisk» aktivitet i område mellom Veahuskaia og Elskarberget uti stranda. Mange har lurt på kva som har foregått, og kva som skal skje i dette området, med både ein fåte med mykje utstyr og ein båt som har vore bruka til fraktisng av utstyr og dei to som jobba på flåten.
Vår utsendte trefte i dag dei to frå firma Rambøll som faktisk kan avsløre at dei jobba med grunnundersøking med tanke på bygging av ei ny kai. Det er Statnett som er oppdragsgjevar, og oppdraget er altså å sjekke gunntilhøva i området slik at det skal være trygt å bygge. Dei har bruka eit avansert ekkolodd i dette arbeidet, samt at dei har gjort boringar og prøvetaking. No er dei ferdige, og utstyret blir henta på måndag.
Ryktesvis har vi forresten høyrt at Statnett planlegg å bygge kai for i landføring av ein stor transformator som skal vidare skal fraktes til den nye transformatorstasjonen som Statnett bygger i Øvre Surnadal.