Verneområdestyret for Trollheimen ønsker å kartlegge bruken av Trollheimen, slik at det kan leggjast betre tilrette for slik bruk som brukarane ønsker. I samband med dette er det kome opp kassar for slik informasjon og registrering. Vi har observert ein på vegen inn til Nauståfossen og no er det kome på plass ein på Talgøsetra – på stien som går opp til Bjøråskaret.

Det er til stor hjel for Verneområdestyret dersom du fyller ut og puttar svaret i boksen i kassen. Foto: Jon Bruset
Liknande kassar er sikkert sett opp i Innerdalen også, og andre innfallsportar til Trollheimen. Dette er slett ikkje noko «storebror ser deg», men rett og slett ein «marknadsundersøking» både om korleis fastbuande og andre turistar brukar Trollheimen. I undersøkinga har du høve til å være heilt anonym, dersom du ønskjer det, men du kan føre på e-postadressa di dersom du vil ha info om resultat av undersøkinga eller anna info frå Verneområdestyret for Trollheimen.

Formålet med undersøkinga er å kartlegge korleis Trollheimen og Innerdalen blir bruka til friluftsliv. Foto: Jon Bruset