IL Søya har nyleg fått laga eit eige kart over alle sommarturar i omlandet. Dette viser alle opparbeidde stiar og er merka med to ulike kategoriar; Trimturar og egna sykkelturar, heilt frå Gammelsetra i Stangvika til Inner Sulå på Nordvik. Kartet heng i storformat på Vang og viser veg.
Til hausten vil det også komme opp eitt nytt kart som viser Strengenløyper og andre fine skiturer.

Flest ruter er naturleg nok i området rundt Strengen. I tillegg er alle severdigheiter lokalisert. Både badeplassar, golf, cross og fotballmulegheiter for å nemne noko.
Gå inn på Idrettslaget Søya si heimeside og finn utskriftsvennlege filer av det fine kartet. www.ilsoya.no