Måndag var det karneval i barnehagen. Endeleg kom dagen som borna hadde gledd seg lenge til! Det var stor stemning og mange fine kostymer å sjå, så det var jammen ikkje lett å kjenne igjen ungane. Utover dagen vart det dansa limbo og vi kosa oss med pølser, juice og eksotiske fruktfat, fortel Jorunn Nordvik som har sendt oss bilde av heile gjengen.