Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kårkallarbeid» med avansert utstyr

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. juni 2025

Jobben med å slå vegkantane var vel typisk kårkallarbeid og verdifulle grasstrå som kom godt med når det var berre så passeleg med grasvokster. No sker det på meir avansert vis, og dei siste par dagane har Ole Peder Holten frå Veidekke tråla vegkantane rundt heile bygda for å pusse vegkantane til sommars. 

Det er dimensjonar på kantkløpparen som Ole Peder Holten frå Veidekke brukar. Foto Jon Olav Ørsal

Han brukar ein stor showel med ein avansert kantkløppar som er effektiv til kantslått  og kan brukast både på gras og buskas som ikkje er for grovt.  Det har i allfall vorte flotte og ryddige vegkantar, og Ole Peder trur han blir ferdig med alle fylkesvegane som Veidekke haransvaret for.  

Publisert: 4. juni 2025, 09:00