Juni kom med grønkande hagar, blomar på strå, netter ljose som dagar og blinkskot ingen venare kunne sjå. Med årets lengste dag, og med turar både i tøflar og tursko har juni vore ein variert månad. Bidrag frå alle dei fire årstidene har dukka opp på yr.no, heldigvis sigra sommaren til slutt.
Men før vi kan legge månaden heilt bak oss, står det att å kåre månadens bilete av dei innsendte bidraga til dagens bilete. Kåringa blir avslutta måndag 21. juli ved midnatt.
Tusen takk til alle som sender inn bilete! Send gjerne inn ditt bidrag, kanskje er det du som stikk av med tittelen månadens bilete i juli? Det treng ikkje å vere ferskvare, eit nostalgisk dykk i arkivet kan òg vere kjekt å sjå for fleire. E-postadressa er red@todalen.no.