Juli kom ikkje berre med «Noe godt i sekken?», men òg så solrike og varme dagar at truleg vurderte elgen på Vassosen å skifte til kortbrok. Og kveldssolas rike, Todalsøra, var ikkje gnien på postkortmotiva. Ja, det var nesten som om vi måtte sjekke om Todalen hadde blitt flytta til Syden. Innerdalen viste seg òg frå si beste side, og i Engdalen fann fotografen «Eit lite stykke Norge». Kandidatane for juni er altså komplett med fjell, fjord og feriekjensle.
Men før vi kan legge månaden heilt bak oss og gå over til haustmodus med sokkar i sandalane, må vi kåre månadens bilete for juli. Avstemminga blir avslutta søndag 17. august ved midnatt, så hiv deg rundt og stem på din favoritt.
Tusen takk til alle som sender inn bilete! Har du eit blinkskot frå nært eller fjernt, nytt eller nostalgisk? Send det til red@todalen.no, kanskje er det du som stikk av med tittelen månadens bilete neste gong?
Etter regn kommer sol

Innerdalen

Todalsøra – Magisk kveld

Noe godt i sekken?

Elgen på Vassosen

Eit lite stykke Norge i Engdalen

Lynnedslag

