Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kåring av månadens bilete oktober

Guro Redalen Måndag 3. november 2025

Amy stoppa ikkje kaffekokinga nei, og det gjorde ikkje Todalens ivrige fotografar heller. Oktober kom med haustgull, kveldshimmel og nordlys, og kameraet fekk trimma linsa i både solnedgang og røsslyng. No er det på tide å kåre månadens blinkskot!

Røystinga er open fram til midnatt måndag 10. november, og du finn kandidatane under. Så puss brillene, rull deg nedover og bruk røystefingeren med presisjon. For det er du som avgjer kven som blir oktobermeister i motiv!

Tusen takk til alle som har sendt inn bilete!  Vi tek gjerne imot fleire blinkskot til red@todalen.no. Har du eit bilete av fyr i omnen eller fyr på tur, grålysning eller grågås, stille vatn eller stiv kuling? Send det inn og bli med i kampen om å bli Todalens neste linse-legende!

Amy stoppa ikkje kaffekokinga nei 😉

Oktoberdis

Haustfargene er her

Amy har vore harhendt med gammelgaidden på «Sørfjella»

Røsslyng

Nordlys

Volkswagen i solnedgang

Stem på månadens bilete i oktober

Loading ... Loading ...
Publisert: 3. november 2025, 20:00