Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kari Løvendahl Mogstad – nominert til Fredrikkeprisen

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. november 2022

Todalen sanitetsforening har på medlemsmøte 1. november vedteke å nominere Kari Løvendahl Mogstad til å motta Fredrikkeprisen 2023.

Kari Løvendahl Mogstad er fastlege, forfattar, foredragshaldar, skribent og samfunnsdebattant; – og fembarnsmor. No er ho i lag med dottera Selma aktuell med boka «Vår vei ut. En fortelling om spiseforstyrrelse, skam og håp.»

I 2017 gav ho ut boka «Kroppsklemma» der temaet er kroppspress og samfunnets store fokus på utsjånad. Ho set fokus på kvinnehelse frå vogge til grav.

Tidlegare i haust gjekk ho modig ut mot kjendiskvinnene Vanessa Rudjord, Pia Tjelta og Synnøve Skarbø med kritikk mot dei for bruk/misbruk av uttrykket KVINNEHELSE.

Foto: Privat.

Kari Løvendahl Mogstad har hatt godt samarbeid med Todalen sanitetsforeningog delteke på fleire arrangement. I januar 2020 heldt ho eit engasjerande og opplysande foredrag om kvinnehelse i Todalen ungdomshus.

Ho kom da med følgande oppfordring: «Slepp ut magen og pust! Vi er bra nok som vi er!»

FREDRIKKEPRISEN

Fredrikkeprisen er Norske Kinners Sanitetsforenings heiderspris. Prisen er oppkalla etter Fredrikke Marie Quam som stifta NKS. Prisen blir delt ut kvar år til ein person eller ei gruppe utanfor organisasjonen som på ein god måte tek opp og gjer synleg saker innafor arbeidsområda til NKS som er helse- og sosialområdet, miljøberedskap eller krise- og katastrofeberedskap.

Prisen er ein bronsestatuett av Fredrikke Marie Quam, eit diplom og 100 000 kroner. Pengane skal gå vidare eit formål som vinnaren vel innafor arbeidsområda til NKS.

Fredrikke Marie Quam 1843 – 1938.

Prisen vart delt ut første gong i år 2000. Mellom dei som har fått prisen tidlegare, er: Åsne Seierstad, Gro Harlem Brundtland, Frederic Hauge, kronprinsesse Mette Marit, Shabama Rehman Gaarder, TV-serien Skam, Else Kåss Furuseth, Birgit Skarstein. I 2022 fekk Maren Lundby prisen for kampen sin for likestilling og for å sette søkelys på usunt kroppspress. Juryen omtala Maren som ein modig og nytenkande rollemodell for unge jenter.

Sanitetskvinnene i Todalen er no spente på om nominasjonen deira fører til at Kari Løvendahl Mogstad får denne gjeve prisen.

 

 

Publisert: 4. november 2022, 10:14