På årsmøtet til Todalen idrettslag vart Kari Kvendset valt til ny ledar i hovudstyret. Det var fredag kveld at Todalen idrettslag hadde årsmøte i Todalen ungdomshus, der vel tjue medlamar møtte. Det var eit årsmøte på det jamne, utan nokon store og viktige saker. Lagets økonomi er sunn, til tross for at laget gikk på eit underskot siste året. Underskotet har samanheng med det er brukt knappe 400.000 til renovering av ungdomshuset som har fått nytt og moderne toalettanlegg og skifting av ytterdører. Den største utfordinga i 2011 blir nok bygging av nytt lysløypeanlegg. Det er kostnadsrekna til 908.000, men tilskot frå fylket og ein betydeleg dugnadsinnsats gjer at de reelle kostnadene for laget blir rundt 300.000. I tillegg bevilga årsmøtet midlar til kjøp lyd- og AV-anlegg til ungdomshuset til ein kostnad rundt 100.000.
Todalen idrettslag har i dag 220 betalande medlemar, og har eit breitt utval av aktivitetar. Det største arrangementet gjennom året var nok Todalsdagen, der rundt 40 lag deltok i fotballcupen for knøttar, lilleputt og lillegut/-jenter. Men laget har også sett Todalen på kartet som arrangør av Norgescup i skialpinisme på Kårvatn. Seriefotballen har også engasjert mange, der laget har hatt eit godt samarbeid med Søya dei siste åra. For 2012 vil dette samarbeidet bli utvida med eit samarbeidslag for seniorfotball. Elles har laget vore arrangør av mange sosiale arrangement som til dømes 17. mai-frukost og julerevy. Vi skal heller ikkje gløyme trimgruppa som har hatt nær 4000 besøk på dei 11 trimpostane rundt omkring i todalsliene.
Siste post på agendaen for årsmøtet var val. Som tidlegare nemnt vart Kari Kvendset valt til ny ledar i hovudstyret etter Nils Ove Bruset som no takka av etter 3 år som ledar i laget. I hovudstyret får ho med seg Eina Talgø som nestleiar (ny), Knut Bergli som kasserar og Rune Moe som sekretær (attval). I fotballgruppa vart det også skifte. Bjørn Hauglann takka av etter 9 år som ledar, og her overtek Borghild Betten Talgø roret. I ski og friidrettsgruppa fortsetter Jorid Haugen Ansnes som ledar, medan Knut Halset blir ny ledar i trim og allidrettsgruppa. Håvard Halset fortsett som ledar for bane og anlegg og Arnt Ivar Brøndbo fortsett som ledar for driftsstyret for vinteranlegg, snøskuter og skihytta. John Moe fortsett også som ledar for driftsstyret for ungdomshuset. Vi kjem etter kvart med komplett liste for alle tillitsvalte så snart den er klar frå idrettslaget. Her finn du komplett liste over alle tillitsvalde for 2012
Nils Ove Bruset runda av årsmøtet med å takke alle for godt samarbeid gjennom dei åra han hadde vore ledar i laget. Han ga uttrykk for at han har opplevd ei fantastisk velvilje frå alle som har vore spurt om eit oppdrag eller teneste, og det er akkurat dette som er så fantastisk med ei slik bygd.