I fjor var Kjell Gunnar og Karen Johanne på tur nedover Vestlandet. I år vart det ein litt meir kortreist tur i heimlege trakter, og det vart ein dagstur. Men uansett, reisebrev har vi fått, og det kan ein lese nedanfor.
Den årlege sommarroadtripen til Karen Johanne Talgø og Kjell Gunnar Polden var i år særdeles kortreist. Ville veger i nabokommune Rindal har faktisk mykje å by på, og Karen Johanne besøkte for første gong Elvahuset, der tippoldefaren kom frå.
Dei fleste kjører RV 65 gjennom kommunen, ei heller tam strekning. Men tek du av tidleg og køyrer Bøludalen og vidare opp til Langlia er det mangt å sjå, og utsikten frå Langlia er formidabel. Vi du sjå andre vegen tek du lia opp til Almberget. Ein tur innom skimuseet der du kan få kjøpt kaffe og god mat, eller tatt eit bad i
Igltjønna, er heller ikkje å forakte. Vidare derfrå er det ein fin runde opp til Grønlifeltet og gjennom Furuhaugmarka. Ved gamle Skogen skule kan du svinge av og køyre oppe i lia utover. Nydeleg utsikt og fine gardar ventar, før du kan sveipe om Rørdalen og Lomundalen. For å variere turen utover kan du ta Håkonslivegen. Også da kjem du så høgt at du får fantastisk utsikt over

Jeanette Bøe tok imot oss på gardstunet på Bekkjadalen under ein av våre fleire stopp. Foto: K G Polden
Trollheimsfjella og bygda. Ein naturleg stopp når du kjem ned ved Trøknaholt er bakeriet Hæmstelt. Utsalget ligg ved hovedvegen nærmest som ei lita bu, men utvalget av bakverk er imponerande. Dagen går fort, så vi rakk ikkje Romundstadbygda og Haltlia, for vi er av den nysgjerrige sorten og stoppar og snakkar med folk vi møter.