Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kanstslått pågår – pass på litt…!

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. juni 2024

Ole Peder Bæverfjord frå Veidekke var tysdag i gang med kantslåtten alt i 6-tida om morgonen.   Det er no andre gongen at Veidekke tek runden rundt bygda med kantslått, og denne gongen tek dei 3 meter ut frå kviststripa, medan dei første gongen tok 1 meter ut.  

Nytt klippeagregat treng vedlikehald – sørger for litt smøring. Foto Jon Olav Ørsal

Bæverfjord brukar ein showel med kantkløpparutstyr på, og har ei bredde på godt og vel 3 meter.  Han oppfordrar til å ta litt hensyn til at ekvipasjen er litt romstor og tek mykje av vegbreidda når han er i aksjon.   Showelen er forresten utstyrt med spilder nytt kanslåttagregat – det vart teke i bruk fredag, og fungerer veldig bra.  

Da vi trefte Bæverfjord i Hala-grenda var han i full gang med grease-pressa, og både nytt og gammelt utstyr fekk ein omgang med litt vedlikahald på vegkanten.  

Varselskilt om at kantklipp pågar – ei oppfordring til å køyre litt forsiktig. Hugs at kantklipparen er romstor, med over 3 meters breidde. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 18. juni 2024, 08:09