Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kanskje over 400 år gammelt – no blir det som nytt?

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. juli 2024

«E må sei e gler meg på at vi får pussa opp og sett i stand det gamle stabburet, slik at vi kan ta det i bruk igjen». Ingrid Rangnes Talgø fortel at det er ein mannsalder sia dei starta planlegginga med tanke på renovering av det gamle stabburet i Andersstua.  Stabburet kan faktisk være rundt 400 år, og det var eit skrikande behov for renovering, og vi har kvidd oss lenge – både på kostnaden og på prosessen, seier ho.

Endeleg skal vi få renovert det gamle stabburet, seier Ingrid. Ho fortel at stbburet kan være rundt 400 år. Foto Jon Olav Ørsal

Men omsider tok vi kontakt med Lervike As, som har tilhald i Jordalsgrenda og som er ekspertar på renovering av gamle hus.  Der fikk vi god hjelp  – først til gjennomgang av bygget og så til planlegging og der fikk vi også hjelp til søknadsprosessen til Kulturminnefondet og til søknad om SMIL-midlar frå landbruksetaten.   Her fekk vi positive signal, og støtte frå dei to etatane gjorde det mulig å gjennomføre prosjektet med ein eigenandel som var innafor det budsjettet vårt kunne klare.  – For eit par veker sia var snekkarane på plass, og no er det berre å gle seg på at vi i løpet av hausten kan ta i bruk stabburet igjen, seier Ingrid.  

Da vi var innom var det berre ein snekkar som var på plass.  Det var Petur Lars i Puntabyrgi, og på namnet skjønte vi at han nok ikkje kom frå Jordalsgrenda.  Han kom nemleg fra Færøyane, men hadde jobba lenge hos Lervike AS og snakka perfekt norsk, så det var berre namnet som røpa at han kom frå Færøyane.  

Det må byttast ut fleire stokkar i det gamle stabburet, fortel Petur Lars. Foto Jon Olav Ørsal

Han fortalte at det var ein del råteskade på bygget, slik at det var naudsynt i skifta ut ein del stokkar i tømmerkassen, og i tillegg skulle det inn ny dør og nye vindu.  I tillegg skal det ny bordkledning og vindtetting på veggane utvendig, og til sist skal det leggast nytt tro og torvtak på stabburet.  Så her blir det nok aktivitet i heile sommar og utover hausten før alt er ferdig.  

Petur Lars fortel at Lervike AS er ei forholdsvis lita bedrift som altså har tilhald i Jordalsgrenda – bedrifta har 8 lokale tilsett og har i tilleg 3-4 franske utvekslingshandtverkarar. 

Det var stort behov for renovering av det gamle stabburet – no blir det både nytt tak, ny kledning og nye vindu. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. juli 2024, 07:00