Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kan nokon hjelpe?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. juni 2025
Todalen historielag har fått eit bilete av Sven Olav Svinvik, som far hans Bjarne Svinvik har teke. Historielaget lurer no på kva dette kan vera? Så dei håper nokon kan fortelje kva det er som går føre seg her. Kan du hjelpe? Da tek du i så fall kontakt med historielaget på e-post todalenhistorielag@outlook.com eller med Ragnhild/Ingri. 
 
Det som er kjent om biletet er at det er teke på Bordholmen, og det må vera etter 1972 (pga. påbygget på Sandstad). Men elles er alt ukjent ved biletet. Det er altså Bjarne Svinvik som har teke biletet.
 
Historielaget håper nokon kan hjelpe med informasjon om biletet!
Publisert: 24. juni 2025, 07:18