Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kan hestmøkk bli blomsterjord….

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. mai 2017

Kirsty McKinnon er rådgjevar ved Nordsøk på Tingvoll. – No leiar ho eit prosjekt som skal sjå på mulegheita for å lage blomsterjord av hestemøkk, og med seg på laget har ho gjengen på Hageland i Surnadal, der ho før helga var oppteken med spørreundersøking om korleis folk brukar blomsterjorda, og kva haldningar dei har til at den i framtida kan bli laga av mellom anna hestemøkk.

Kirsty McKinnon har eigen stand på Hageland i Surnadal for å samle info om blomsterjord, kompostering og hestemøkk. Foto: Jon Olav Ørsal

Hestemøkk er i allfall ein stor ressurs, som er dårleg utnytta i dag, fortel Kirsty. Det er rundt 125.000 hestar i Norge og med 8 tonn møkk pr hest blir det rundt 1 mill. tonn gjødsel som inneheld mykje nitrogen, fosfor og kalsium.  Dette vil altså Nordsøk gjera noko med no, og drømmen er egentleg å få med ein lokal produsent som kan produsere blomsterjorda – med kortreist og miljøretta produksjon. Viktig er det også at ein finn ein forsvarleg måte å handtere hestemøkk på.

Ein måte er å kompostere hestemøkk og gjennom ein slik prosess skape blomsterjord av god kvalitet. Det er forresten stor interesse for kompostering, fortel damene på Hagland Surnadal som deltek i prosjektet til Nordsøk. Til hausten vil dei etablere eit samarbeid om komposteringskurs. Eksakt dato er ikkje sett enno, men det vil bli kunngjort i god tid, slik at det skal bli greit å melde seg på. Men i første omgang pågår altså kundeundersøkinga for å skalle oversikt over folrks forbruksvanar og haldningar til blomsterjord.

 

Publisert: 2. mai 2017, 22:51