Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kamp mot klokka på Dammen Opp…

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2022

Søndag var det premiere for motbakkeløpet Dammen Opp som Trollheimen Fjellsportklubb arrangerte på Nordvik.  Løypetraseen er nær 3 km lang, og startar ved Nordvik Forsamlingshus og går til enden av Blomlivegen – ved inntaksdammen for kraftanlegget. Det er berre motbakkar heile vegen, og det er rå kraft og kondisjon som skal til for å kome først i mål.  Uoffisielt var rekorden på turen opp dit i overkant av 15 minutt – det store spørsmålet i dag var om denne rekorden kunne halde?

Håvard går i mål på rekordtid – 14:56 og 58 sekund før nr 2 Eirik Vang Aas. Foto Vigdis Rodal

Håvard Gjeldnes kom ikkje uventa først i mål, og sette ny rekord på 14:56, men han fikk ingentig gratis, for både Erik Vang Aas og Isak Drøpping pusta han i ryggen heile turen – dei kom in på henholdsvis 15:54 og 15:57  som også er sterke tider.  Beste deltakar i dameklassen var Lisabeth Sæterbø, som kom inn på 18:40 – sterk tid det og.

På pallen: Fra ventre Eirik Vang Aas (2), Håvard Gjeldnes (1), Lisabeth Sæterbø (1 Dame) og Isak Drøpping (3). Foto Jon Olav Ørsal

Rekruttering – Dei to yngste med startnr var Magnar og Adrian med nr 73 og 72 på brystet. Foto Jon Olav Ørsal

15 deltakarar stillte på startstreken ved Nordvik forsamlingshus i dag – det er vi faktisk veldig godt nøgde med, seier leiar i Trollheimen Fjellsportklubb, Emil Ansnes.  Dette er eit arrangement som kom i stand nærast på impuls, og er dermed å betrakte som eit prøveår.  Dette er imidlertid eit arrangement som vi kjem til å videreføre, og det er vel heilt klar at vi kjem til å arranger trimklasse neste år – både med og utan tidtaking. Det er ikkje teke stilling til tidspunkt for neste års arrangement, men det kjem vil på terminlista etter kvart.  

I neste omgang er det no randoneesesongen som står for døra, og om ikkje lenge vil vi no kome med meir informasjon om det som skal skje i klubbens regi og elles i løpet av vinteren.  

Emil Ansnes er leiar i Trollheimen Fjellsportklubb og er godt nøgd med arrangementet. Det er alt klart at det blir eit liknande løp neste år, men det er ikkje fastsett dato. Men det er klar at det da blir trimklasse – både med og utan tidtaking. Foto Jon Olav Ørsal

Bilder frå målgangen –  bilder  frå Vigdis Rodal

Publisert: 6. november 2022, 13:16