Søndag var det premiere for motbakkeløpet Dammen Opp som Trollheimen Fjellsportklubb arrangerte på Nordvik. Løypetraseen er nær 3 km lang, og startar ved Nordvik Forsamlingshus og går til enden av Blomlivegen – ved inntaksdammen for kraftanlegget. Det er berre motbakkar heile vegen, og det er rå kraft og kondisjon som skal til for å kome først i mål. Uoffisielt var rekorden på turen opp dit i overkant av 15 minutt – det store spørsmålet i dag var om denne rekorden kunne halde?
Håvard Gjeldnes kom ikkje uventa først i mål, og sette ny rekord på 14:56, men han fikk ingentig gratis, for både Erik Vang Aas og Isak Drøpping pusta han i ryggen heile turen – dei kom in på henholdsvis 15:54 og 15:57 som også er sterke tider. Beste deltakar i dameklassen var Lisabeth Sæterbø, som kom inn på 18:40 – sterk tid det og.
15 deltakarar stillte på startstreken ved Nordvik forsamlingshus i dag – det er vi faktisk veldig godt nøgde med, seier leiar i Trollheimen Fjellsportklubb, Emil Ansnes. Dette er eit arrangement som kom i stand nærast på impuls, og er dermed å betrakte som eit prøveår. Dette er imidlertid eit arrangement som vi kjem til å videreføre, og det er vel heilt klar at vi kjem til å arranger trimklasse neste år – både med og utan tidtaking. Det er ikkje teke stilling til tidspunkt for neste års arrangement, men det kjem vil på terminlista etter kvart.
I neste omgang er det no randoneesesongen som står for døra, og om ikkje lenge vil vi no kome med meir informasjon om det som skal skje i klubbens regi og elles i løpet av vinteren.
Bilder frå målgangen – bilder frå Vigdis Rodal