Går du Svinviksrunden så kan du ikkje unngå å høre (og sjå) hammarslaga i hyttefeltet på Kammen. Svinviksrunden går nemleg rett forbi hyttefeltet, og akkurat no er det to hytter «på gang». Den eine er kome under tak og den andre på god veg. Enno er det 5-6 hyttetomter i det regulerte hyttefeltet på Kammen.
Vi måtte sjølvsagt sjå kva som foregikk, og gikk etter lyden nedover hyttefeltet. Heilt øvert er det eit hyttebygg under oppføring – her trengs det enno finvêr nokre dagar før hytta er under tak. Heilt nedert i feltet kom snikkarlydane frå. Det var Gunnar Nordvik og Lars Kendset som helt på og bygde terrasse på to sider av hytta. Dei skulle gjøre frå seg mest muleg av utearbeidet medan det er så fint haustvêr.
Men her var det også aktivitet innendørs – rørleggar Per Ivar Sylte frå Næss Rør og Interiør jobba med å legge rør til både bad, kjøkken og toalett. Akkurat da vi var der var det montering av samleskåp som stod på programmet. Den vart montert i veggen på badet, og der er alle installasjonar samla. Blir det ein lekkasje på anlegget, så hamnar vatnet på badgolvet og i sluken.