Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kallar inn til årsmøte torsdag 7. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. januar 2024

Styret i Todalen Idrettslag kallar inn sine medlemmar til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. mars klokka 19:00. Den som vil seie frå seg tillitsverv i idrettslaget må gjere dette skriftleg til valnemnda innan laurdag 10. februar. 

Saker som skal behandlast på årsmøtet må sendast skriftleg til styret i idrettslaget innan tysdag 22. februar. 

Det blir enkel servering. 

Førebels sakliste ser slik ut:

  1. Godkjenning av røysteføre, innkalling, sakliste og forretningsorden.
  2. Val av ordstyrer, skriver og 2 til å skrive under protokollen.
  3. Årsmeldinger for 2023.
  4. Rekneskap for 2023.
  5. Innkomne saker.
  6. Mmedlemskontingent for 2025.
  7. Budsjett for 20224.
  8. Laget sin organisasjon
  9. Val

Endeleg sakliste til årsmøtet vil bli offentleggjort her på Todalen.no 28. februar

 


Medlem i Todalen.no –


Publisert: 15. januar 2024, 17:30