Todalen Grendalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. april klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til valnemnda ved Finn Ranes eller Ola Dalsegg innan 20. mars. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet må sendast skriftleg til styret ved Ragnhild Ansnes Moe innan 27. mars.
Fullstendig sakliste vil bli kunngjort her på Todalen.no 31. mars.
Det vil bli servering av kaffe og bakels med graut.
Todalen Grendalag ønsker alle velkommen på årsmøte!