Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Den som vil seie frå seg tillitsverv i idrettslaget må gjere dette skriftleg til valnemnda innan tysdag 28. februar.
Saker som skal behandlast på årsmøtet må sendast skriftleg til styret i idrettslaget innan tysdag 28. februar.
Det blir enkel servering.
Førebels sakliste ser slik ut:
- Godkjenning av røysteføre, innkalling, sakliste og forretningsorden.
- Val av ordstyrer, skriver og 2 til å skrive under protokollen.
- Årsmeldinger for 2022.
- Rekneskap for 2022.
- Innkomne saker.
- Mmedlemskontingent for 2024.
- Budsjett for 2023.
- Ny lovnorm og laget sin organisasjon
- Val
Endeleg sakliste til årsmøtet vil bli offentleggjort her på Todalen.no 7. mars.
Sakliste årsmøtet i Todalen Idrettslag