Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. mars 2023

Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte onsdag 29. mars klokka 19:30 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker og utdeling av «Årets bilete». Det blir servert kveldsmat. 

Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til Frode Grønmyr, som er leiar i valnemnda, innan tysdag 14. mars. 

Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet må sendast skriftleg til styreleiar Stig Husby innan tysdag 14. mars. 

Fullstendig sakliste vil bli kunngjort på Todalen.no onsdag 22. mars. 

Todalen.no ønsker velkommen til årsmøte!

Først publisert: 1. mars 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 28. februar 2023, 20:38