I 2013 reiste Gjertrud og Odd Ingar Skrøvseth til Roma for å følgje i Kalla Skrøvseth’s fotspor. Kalla reiste til Roma i 1952 for å studere mosaikk-kunst, noko som ho seinare arbeidde mykje med, og det betydde mykje for ho som kunstnar i alle år.
Søndag 11. august kl. 13:00 vil Gjertrud og Odd Ingar kåsere om Kallas møte med kunstnarbyen Roma. Dei vil også vise bilete og fortelje om eigne opplevingar i Italias hovedstad.
Bjarne Stenberg har framleis salsutstilling i 1. etasje.
Dette er siste opningsdagen denne sesongen. Det er også ope førstkomande torsdag i tida kl. 15:00 – 19:00.
Gratis inngang.
Alle er velkomne!