Etter det siste snøvêret denne veka har gradstokken gradvis gått nedover etter kvart som det har klårna opp. Den lågaste temperaturen har vi nok målt natt til laurdag, med -13,4 rett utafor kontorglaset. Enkelte plassar har det vore enda eit par-tre grader kaldare, slik at vi kan sjå 15-talet og sågar 16-talet ovafor Falla. Medan temperaturane går nedover, så går derimot straumprisane oppover……
I dag er gjennomksnittsprisen for strum i region 3 Midt-Norge på kr 3,26 pr kWt (kilowatt-time), inkludert merverdiavgift og nettleie frå S-nett. Det er jamnt over høg pris heile dagen, men prisen toppar seg mellom kl 22 og 23 i kveld – da er prisen 3,82 pr/kWt med «all inclusive» I sør og vest er nok prisane enda høgare i dag.
Værutsiktene på Yr.no den komande veka går på meir kaldvêr, og prognosane for straumprisane fortsett nok oppover. Det er fleire faktorar som spelar inn på prisane, mellom anna at det er stengt ned 2 atomkraftverk i Sverige, som skal drive vedlikehald. Dette er spådd vil påvirke straumprisane her til lands ganske sterkt. Det blir nok litt spennande korleis straumprisane utviklar seg, så vi kan nok prise oss lykkeleg over avtalen om straumstøtte som nok vil slå inn slik utviklinga i desember har vore.