Det har vore meldt mykje vêr og ekstremvêr i fleire dagar no, men det er nok utmed kysten og nordover i landet dei har fått mest møling med både full storm og orkan i kasta. Fredag var det nok mykje regn, men sjølv om Toåa og andre elvar voks opp, så har det ikkje vore flaum. Størst var no Toåa i 4-tida i natt, og i løpet av natta har det nok vore ein del isgang, men ikkje noko skade.

Litt is i elva enno, men det meste har reist rnedover elva. Her ved Ramsøya/Hafallmelen i føremiddag. Foto jon Olav Ørsal
Utover laurdagen er det meldt ein del snø og vind – meldingane på yr.no melder om 22 m/sek i kasta, og dermed gult farevarsel for Møre og Romsdal. Elles melder yr.no og varsam.no om betydeleg snøskredfare for heile Trollheimen.

I Hagan ved Bruset – Toåa var på sitt største i 4-tida natt til laurdag viser NVEs målestasjon ved Storfossen. Foto Jon Olav Ørsal