Nærare hundre store og små todalingar trossa vinterkulda og tok runden rundt bygda 3. juledag. Godt påkledd og med trimgruppas gløggstasjonar som mål, la folk ut på vandring og tok kulda med godt humør. Trimgruppa i Todalen Idrettslag var arrangør, og det var nok mange som tykte det var godt å komme ut og få rørt seg litt etter fleire dagar med mykje god julemat. Turen rundt bygda var reint så sosial, og ein trefte mange kjente på runden, for det var både ”innfødde” og utflytta todalingar og andre i følgjet.
Trimgruppa diska som sagt opp varm gløgg både på Bruset og på Sandstad, og dei fleste tykte det var godt med noe å varme seg på under runden rundt bygda. Og sjølvsagt var det flotte medaljar å få for dei som fullførte runden. I tillegg var det både lotteri og Romjulsquiz.
Vinnarane av lotteriet:
I romjulsquiz var det 3 som hadde svara rett på alle spørsmåla:
Nedafor finn du eit bildegalleri fra Rumjulsmarsjen 2010. Alle foto: Jon Olav Ørsal/Driva