Dan første skikkelige kaldnatta i februar overraska nok mange. Den digitale temperaturmålaren her i huset viste -15,9 som minimumstemperatur, men Jon Bruset melder om -16,4 på Småhjellå i natt. Og kulda vil nok fortsette. Det er meldt minimumstemperaturar på rundt -10 i heile neste veke.
I fjor var det og ein kaldperiode i februar, der det var heile 17 døgn med minimumstemperatur under -10 grader, med kaldaste døgnet den 23. februar med -20 grader, skriv Jon Bruset i ein e-post til Todalen.no. Han skriv også at det var enno verre i olympiaåret 1994. Da var det 20 døgn under -10 grader, og lågaste temperatur var -17. Her finn du langtidsvarselet for Todalen på yr.no.