Nystekte bakels, lunka smørgraut og glovarm kaffe gjorde susen for publikumarane som tok turen til Bordholmen for å få med seg lokaloppgjøret mellom KUST og Surnadal 1 i kveld. KUST-laget tok leiinga frå start og med god hjelp frå ein habil keeper Tor Asbjørn Karlsen vart det så heimelaget leda til pause.
I pausen fekk Surnadal beskjed om å konsentrere seg litt meir av trenar Råg Schei, og det såg ut til å vere oppskrifta. Surnadalsgutane tok dermed over kommandoen og vann til slutt komfortabelt i eit retteleg grisvêr.

KUST sin keeper Tor Asbjørn Karlsen tok det meste i første omgang. På scoringslista kom Sivert Sogge, Marius Kvande, Orion Fossen Sæterbø og Steinar Normann Stenberg.

Surnadal var farlege framom målet til KUST i 2. omgang.

Takk for kampen!

Kalde og våte, men med bakels og graut i sikte så var humøret likevel på topp. Her er berre Søya og Todalen sine spelarar, da gutane frå Kvass/Ulvungen tok tene fatt umiddelbart etterpå for å rekke ferga.