Talgø minner om invitasjonen til kaffelag på Gammelfabrikken søndag ettermiddag i tidsrommet 14 – 17. Da er bygdefolket og andre interesserte invitert til kaffelag og omdvisning, og det er sjølvsagt den historiske avdelinga som er mest i fokus. Torsdag kom ulven på plass, og da er Trollheimsutstillinga komplett med dyr og fuglar som held til i Trollheimen. Det var faktisk på tide at den vart motert opp igjen, slik at den blir teken vare på – og at den etter kvart blir ttilgjengeleg for publikum igjen.
I tillegg til Trollheimsutstillinga er det ei historisk avdeling for Talgø Møbelfabrikk – i år er det 125 år sia Thore og Thora starta med møbelfabrikk med straum frå Nordmøres første kraftverk, med vasskraft frå Storfossen. Utstillinga viser mange møbelprodukt som har vore produsert «innunder fossen» i denne perioden. Familien Talgø har heile perioden vore eigarar og drivarar, og er det framleis. I tillegg er det vist verktøy og utstyr frå tida da handverk verkeleg var handverk – her får vi sjå verkstaden til Sigvart Husby, Henrik Halle og Olav Stengel. Prosjektet er enno ikkje fullført, men det er såpass ferdig at det går an å vise fram til «kjentfolk», seier Anita Talgø.
Talgøkonsernet er medlem i Todalen.no