Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaffelag og omvisning på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. november 2024

Historia starta alt i troppa opp til 2.-etasjen med 4 generasjonar Talgø, seier Magne Søyset Foto Jon Olav Ørsal

Det er nok mange som har lurt på kva som foregår på Gammelfabrikken i Brusetmarka.  Det har vore prata om historisk utstilling med gamle Talgø-møblar, Trollheimsutstillinga og ikkje minst er det laga utstillingar frå verksted og verktøy som er arv etter Sigvart Husby, Olav Stengel og Henrik Halle.  Mellom anna den første motorsaga i bygda – ei gammel JoBu-sag på rundt 30 kg.  No er det bestemt at det blir kaffelag og omvisning 24. november i tidsrommet 14 – 17 og da inviteres bygdefolket og andre interesserte til å kome og sjå og høre.

Mykje gamalt verktøy – alt til sitt bruk. Magne og Gunnar har fått namn på det meste. Foto Jon Olav Ørsal

Da blir heile Gammelfabrikken open for publikum, og da trur vi at bakeriet på Talgø Gard borgar for både graut og bakels og kanskje opptil fleire andre sortar til kaffen.  Dersom det er nokon som har behov for skyss, så er det berre å takontakt med Anita på tlf 913 38 060 så blir det ei råd.   

Bestefar Erling lika godt Åse Kleveland – ho fekk ein eigen soveromsmodell – Åse. Foto Jon Olav Ørsal

Kva får vi sjå på Gammelfabrikken?
Hovudattraksjonen er kanskje Trollheimsutstillinga som no er i ferd med å kome på plass i 2.-etasjen – her skal alle dyr og fuglar som høyrer heime i Trollheimen være på plass. Gunnar Nordvik  og Magne Søyset med fleire har jobba eit år med dette tidkrevjande arbeidet – om dei rekk å bli ferdige veit vi ikkje men det meste skal være på plass.  Som nemnt blir det mykje historie og i tillegg til verktøyutstillingane blir det også utstilling av gamle møblelprodukt frå mellomkrigstida og oppover til nyare tid.  Her er det spesielt lagt vekt på 2.-generasjon Talgø-familie med Erling og Ole, men også heilt fram til gründarane Thore og Thora som starta det heile i 1899 – og bygninga som huser utstillinga er frå den tida!

Velkomne på kaffelag og omvisning!

Det blir omvisning på heile huset på Gammelfabrikken- her er Anita og Gunnar i peisestua. Foto Jon Olav Ørsal

Det blir også ei eiga nisseutstilling på Gammelfabrikken denne dagen – det er nissar som har sitt opphav på juleverkstaden til Hildegunn Stengel, fortel Annita Talgø. Foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 6. november 2024, 07:00 - Sist oppdatert: 5. november 2024, 16:10