«Eldsterådet» i Todalen som har daglege 10-kaffetreff i Kaffekroken hos Matkroken Todalen, har sett seg fore å finne ut kva som rører seg i næringslivet i kommunen. I dag fekk gjengen omvising på Pipelife i Surnadal.
For fjorten dagar sia var det omvising hos Talgø MøreTre. – Begge bedrifter driv godt, og legg stor vekt på miljø og bærekraft. Moderne teknologi og stødig arbeidskraft har uvurderleg verdi på begge plassar. Gjengen frå Kaffekroken har allereie lagt planer vidare – både med fleire besøk og andre aktivitetar etter kvart.