Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaffekroken investerer i ny moderne kaffemaskin

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2022

Det dufta godt av nykverna og nybrygga kaffe i kaffekroken i dag.  Firma Nybrå Agentur var her og leverte ny og moderne kaffemaskin som erstatta den gamle i kaffekroken. Den nye kaffemaskina nyttar heile kaffebønner og bryggar kopp for kopp på «bestilling» – og det skjer på Friele kaffe.

Du får kaffe akkurat så sterk som du vil ha den, og i tillegg kan maskina levere alle typar mjølkebaserte kaffedrikkar og sjokoladedrikk dersom du ønskjer det – i tillegg til varmt vatn dersom du vil lage te.  Den kostar rundt 40.000 og må rekne med å server god kaffe til todalingane i mange år framover. – Den gamle maskina har nok gjort jobben sin, og hadde begynt å skrante litt.  Det er kanskje ikkje så rart for den har stått der rundt 15 år og har laga mellom 80- 90.000 koppar gjennom den perioden. 

Håkon Bråther representerer Nybrå Agentur, som held til på Hollingen ved Molde, fortel at dette er tredje kaffemaskina som betjener Kaffekroken på Matkroken i Todalen.  Kvar 4-6 veke er han innom og driv vedlikehald på kaffemaskina og leverer kaffe. 

Publisert: 5. april 2022, 15:15