Siste torsdagen i månaden er det Kaffe for kreftramma i Surnadal. Møteplassen er på Frivilligsentralen.
Her kan personar som har eller har hatt kreftsjukdom treffast for å dele erfaringar og tankar, både dei som er under behandling eller er erklært friske. Å bli ramma av kreft er ei stor påkjenning, ofte med tøffe behandlingsrundar. Det er hardt både psykisk og fysisk.
Inga historie er lik; – alle har eigne og personlege erfaringar. Men alle har ei felles erfaring – dei har vore kreftsjuke. Med kreftdiagnose følger angst og bekymring som kan vere vanskeleg å forstå for andre, og mange blir ramma av fatigue. Så det er både nyttig og viktig å treffast til prat og kaffe.
Etter gjennomført behandling på sjukehuset og ein kjem heim, blir det ofte stilt og utrygt, og ein kan kjenne seg åleine. Da er det viktig å vite at Kari Øyen er lokal kreftkoordinator i Surnadal kommune. Ho kan bistå både kreftsjuke og pårørande.
Kari Øyen, Ingebrigt Røen og Maj Aina Bøe er ansvarlege for Kaffe for kreftramma. Ingebrigt kunne fortelje at tiltaket har fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen, Sparebank 1 Nprdmøre, Byggmakker og Kreftforeninga avdeling Trondheim. Dermed kan dei no leige inn eksterne foredragshaldar. Etter jul kjem Frode Skanke. Han er pensjonist, men har mellom anna vore overlege ved Unicare Røros rehabilitering. Han har lang erfaring med rehabilitering av kreftpasientar. Viktige punkt i rehabiliteringsarbeidet er: Fysisk helse, psykisk helse, ernæring og arbeidsliv.
Ingebrigt, Kari og Maj Aina er glade for at dei kan tilby foredrag med ein så anerkjent og erfaren lege som Skanke.
Men dei tre lurer på kor karane er; dei er både etterlyste og velkomne til kreftkaffe! Her er det ikkje berre prat om sjukdom, men også fotball og andre tema!
Det blir nye treff siste torsdagane i oktober og november. Det er også plana å få til busstur til Pusterommet St. Olavs – Vardesenteret i Trondheim.