Ved Svinviks arboret er det ledig fast stilling som kafèvert med driftsansvar for publikumsmottak og kafè. Stillinga er ei fast sesongarbeidarstilling og er på 100% i perioden 15.04-15.08 kvart år. Surnadal kommune skriv på si heimeside at verten må trivast med høgt arbeidstempo og ha gode kommunikasjonsevner. Kafèdrifta er ein viktig del av sesongdrifta i Svinviks arboret, og er eit tett samarbeid med Nordmøre museum, avd. Surnadal, som har overordna driftsansvar for Svinviks arboret.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
- Driftsansvar for kafè og publikumsmottak etter eksisterande konsept
- Ansvar for meny og oppølging av bestilte grupper
- Ansvar for økonomi og innkjøp
- Ansvar for at drift skjer etter Mattilsynets krav
- Arbeidsleiaransvar for øvrige tilsette i publikumsmottak og kafè
- Turnusansvar
- Samarbeid med museumsdrivar