9. klasse ved Surnadal ungdomsskule har i haust og i vinter lagt ned ein stor jobb med det såkalla «storprosjektet». Forleden var det generalprøve i kulturhuset og onsdag og torsdag kveld inviteres det til førestilling for publikum. Vi var ikkje til stades på generalprøven, men vi har vore på plass i salen under tidlegare arrangement, og ser at både Driva og Trollheimsporten borgar for kvaliteten også i år. Dersom du ikkje allereie har sikra deg billett så er det enno i skrivande stund ledige plassar.
Tittelen på forestillinga i år er «Ka om», blant anna inspirert av rindalsartisten Jo Sverres Sandes song med same tittel. – Og temaet er, som i songen – tanker om hva som vil kome, skriv Trollheimsporten.
Denne gongen er det 4 todalselevar som deltek i «storprosjektet. Det er Lisabet, Maren, Ingebrigt og Martin som dermed får verdifull erfaring i produksjon og framføring av lokal kultur. Kanskje får vi i neste omgang sjå dem att på scena i ungdomshuset?
I skrivande stund er det plassar att både onsdag kveld og torsdag kveld – følg linket til kulturhuset for billettkjøp
Her kan du lese omtalen frå generalprøven på Trollheimsporten eller på Driva (+-sak)