Kulturkontoret melder: «Det er trekt ut ein vinnar for juni månad blant Stikk UT!-deltakarane i Surnadal kommune. Gåvekortet på 500 kroner gjekk denne månaden til Eunkyong Youn frå Moan. Ho sikra seg gåvekortet etter eit besøk til Stikk UT!-posten på Tussan i Halsa kommune. Vi gratulerer!
Kulturavdelinga i Surnadal kommune trekker eit gåvekort blant Stikk UT!-deltakarane kvar månad så lenge sesongen varer. Føremålet med premieringa er å få fleire til å registrere Stikk UT!-turane sine på nett. Alle personar som registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune, er med på trekninga. Jo fleire registrerte turar, jo større vinnarsjansar!»
Frå 1. mai og fram til i dag er det registrert 3350 turar til dei tolv Stikk UT!-postane i kommunen vår – imponerande tal! Framleis har Svinvikrunden flest besøkt, med 695 turar registrert på Stikk UT!-sida. Men det notert om lag 1900 turar i boka frå 20. april til no, 538 turar berre i juni!
Kleiva er den nest mest besøkte Stikk UT!- posten i kommunen. Storhaugen er også godt besøkt, 200 turar er notert i boka der i juni.
Denne sesongen er det Stikk UT!-tur til vakre Innerdalen. Trimposten er ved Innerdalshytta. Turen er 3,8 km lang ein veg etter god grusveg, total stigning er på 200 meter.