Julia Krajewska (11) frå Bjørli i Brusetmarka, og som er elev i sjette årstrinn ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen, elskar dyr og natur. Dette var bakgrunnen for at ho sendte «fanbrev» til forfattaren av barnebokserien «Ville poter», Victor Nordahl.
Nokre brev att og fram mellom Victor og Julia utvikla seg til å bli eit samarbeid mellom dei to, som han har kalla «To sjeler og en tanke!» Samarbeidet har gjort at både ulven Oskar og teikningane til Julia fekk plass i den tredje boka i favorittbokserien hennar; «Ville Poter».
Julia tykte det skulle ha vore med ein ulv i bøkene, og forfattaren Victor var samd med Julia i dette, så da Julia foreslo å kalle ulven Oskar, var det klart at det i den tredje boka også ville bli med ein ulv.
Boka kom ut i september i år, og utgjevinga vart feira med «bokslepp» i kantina på oppvekstsenteret. Forfattaren hadde spela inn ein video til Julia, som vart vist for heile oppvekstsenteret. Videoen frå Victor til Julia ser du her!
– Eg håper det kjem fleire bøker i serien «Ville poter» og at ulven Oskar får bli med vidare, seier Julia.
Julia fekk som lita autismediagnose
Pappa Radek, mamma Justyna og storesøster Aleksandra (15) flytta til Todalen og Norge frå Polen våren 2013, medan Julia er fødd i september same året.
Julia var ei roleg jente som baby, men elles frisk og rask. Da ho var rundt halvanna år merka foreldra at ho ikkje hadde så mange ord, og at dei ikkje fekk ordentleg blikkontakt med henne. Julia reagerte også lite på kontakt med dei rundt seg, også når det kom gjester på besøk.
Da Julia var litt over to år fekk ho autismediagnosen. Sian den gong har foreldra lest mykje og lært seg mykje kva ein autismediagnose vil innebere. Dei har heile tida vore opne om diagnosen og kva den inneber, både til Julia og alle andre.
– Det var viktig for oss at hun skulle ha et vanlig liv, og være med på aktiviteter sammen med andre barn, fortel Justyna.
Sjølv om Julia er sensitiv på lys, lyd og nye inntrykk, har ho klart seg veldig godt, og Justyna fortel at dei har fått utruleg god hjelp frå barnehage og skule opp gjennom åra.
– Vi ønsker å snakke om autisme! Vi vil vise at barn med spesielle behov også har sine draumar, enten dei er små eller store. Vi som foreldre bør følge barna og lære av dem, og se verden åpent og ærlig, avsluttar Justyna.
Dyr og natur er viktig for Julia
Heilt frå Julia starta i barnehagen, har ho hatt stor interesse for dyr og natur. Ho ville ofte lese teikneseriar om dyr og natur. Også når ho såg Barne-TV var det program som handla om dyr og natur, heller enn program som berre handla om menneske ho var interessert i.
Julia og familien hennar har vore på besøk i mange dyrehagar, både i inn- og utland. Siste dyreparkbesøkes så langt, var i september, da dei besøkte dyreparken i Kristiansund. Her fekk Julia sjå og filme favorittdyret sit, ulv. Elles har ho sett mange forskjellege ville dyr rundt heimen sin i Brusetmarka også. Ho nemne hjort, rådyr, rev grevling
Julia treng mykje kvile og åleinetid. Mykje av denne tida brukar ho til å lese og lære om dyr og natur. Ho likar også å teikne, å skrive, og å høyre på lydbøker.
Du kan også lese Sunniva Halvorsen sin reportasje om Julia i Trollheimsporten.no