Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Juleverkstad og julegrantenning

Juleverkstad og julegrantenning

Elinor Bolme Torsdag 1. desember 2011

Søndag inviterer Todalen Sanitetsforening alle som har lyst til førjulstreff i Sanitetshuset. Dette er ein årleg tradisjon, der dei ungane som er fødde det inneværande år er spesielt inviterte for å få «Barnas lykkeskilling». I fjor vart det òg arrangert juleverkstad, noko som vart så populært at dei gjentek det i år og. Her vil det bli både klipping, liming og teikning, i tillegg til servering av nissegraut. Også biletet «På vei hjem»  av Elisabeth Aas som det har vore mulegheit til å ta lodd på gjennom heile året vil bli trekt i løpet av ettermiddagen.

Undervegs vil det og bli ein og annan julesongen. Saniteten brukar samtidig å dele ut juleblomster til alle over 80 år i Todalen, og er du i den årsklassen og møter opp, vil du få med deg den heim denne dagen. Til slutt blir det kaffe med noko attåt og utlodning før ein kan avslutta dagen med julegrantenning på Hals. Her vil det bli juletregang, pepperkaker og gløgg lovar det nyvalde PT-utvalget. Nissen tek nok òg turen innom med sekken full av pakkar til ungane.

Arrangementa har i år som ved tidlegare høve hatt felles markedsføring. Plakaten på det kan du sjå her

Publisert: 1. desember 2011, 06:00